Download as docx, pdf, or txt
Download as docx, pdf, or txt
You are on page 1of 3

Oppgåve 1.

Artikkel

Opplysningstida

1700-tallet kallast ofte for opplysningstida. Perioden er ein reaksjon på barokken, som er
perioden før. Barokken var prega av ei sterk gudstru og store klasseforskjellar – alle hadde sin
plass, og Gud hadde ei meining med det. I opplysningstida, derimot, kom idear om at alle
menneske er født likeverdige, at fornufta er noko verdifullt, orden og meining i livet skal
kome frå mennesket sjølv, og det nyttar å arbeide for framskritt – opplysning skal gjere verda
til eit betre sted.

På slutten av 1600-tallet blomstret interessa for antikkens kunst og ideala nok ein gong,
mellom anna på grunn av ugravingane i Hellas og i Pompeii. Vi kallar denne kunstperioden
for klassisisme (av det latinske ”classicus”, som tydar ”fremragende”, ”forbilledleg”).

Klassistane meinte at dei ved hjelp av det dei gamle grekarane og romarane hadde laga, kunne
lage eit system for å bedømme god og dårleg kunst. Det seier seg sjølv at i eit slikt system
hadde ikkje det originale og spesielle noko høg status, men i slutten av perioden delte
klassisistane seg i to grupperingar: ”les anciens” (dei gamle) og ”les modernes” (dei
moderne). Dei moderne meinte at ein kunne byggje vidare på det som i antikken var blitt laga,
mens dei gamle meinte at antikkens kunst nærmast representerte uoppnåelege ideala.

”Alle menn er født like” var ein sentral idé i opplysingsida, men tankane om likskap og
framskritt nådde bare over mennene i samfunnet. Opplysningsfilosofane meinte stort sett at
kvinna var av ein anna natur, noko som mellom anna kjem av at dei var påverka av den greske
filosofen Aristoteles sine idear.

Aristoteles meinte at kvinna var underordna mannen, og det veikare kjønn. Hadde dei blitt
meir påverka av ein anna gresk filosof, for eksempel Platon (som meinte at for et samfunn å
ikkje nytte begge kjønn, var som for eit menneske å ikkje bruke den eine armen sin), sine
idear om menneske, ville nok verda ha sett ganske annleis ut i dag, men ideane og arbeidet til
Aristoteles appellerte nok meir til klassisistane og opplysningsfilosofane. Dessutan var
kristendommen òg påverka av Aristoteles.

Thomas Aquinas (1225-1274) var ein italiensk filosof som søkte å foreine fornuft og
kristendom. Han kombinerte Aristoteles sin filosofi med kristendommen. I begynninga ble
han sett på som ein opprørar, men seinare ble han kanonisert til helgen og ein av dei viktigaste
kyrkjefedra i den katolske kyrkja. Sjølv om opplysningstida handla om fornuft, var den òg
religiøs i forhold til dagens samfunn; mellom anna kom pietismen mot slutten av 1700-tallet.

Opplysningstida pregast likevel av sterk kritikk mot kyrkje og samfunn, og ein av dei mest
kjende kritikarane er François Voltaire (1694-1778), som gjennom livet sitt skreiv ned
tankane sine i mange forskjellige medium; Voltaire skrev skodespel, forteljingar,
oppslagsverk og avhandlingar. Målet i det han skreiv er å oppdra folket, lik mange andre av
opplysningas forfattarar. Ludvig Holberg har liknande idear om litteratur og skodespel. ”En
Comoedie er en Skole for det hele Folk” – Ludvig Holberg.

Ludvig Holberg ble etter kvart den viktigaste forfattaren i Danmark-Noreg på 1700-tallet. Han
skrev på dansk i ei tid som var dominert av latin og fransk, og ble den fremste formidlaren av
europeiske kulturstrømmar til Danmark-Noreg. Hans mest kjende verk er kanskje ”Jeppe på
Bjerget”(1722), men han skreiv ei rekke skodespel og bøker, ikkje minst ”Niels Klims
underjordiske reise”(1741), som kallast den fyste science fiction romanen i Norden.

I 1714, då Ludvig Holberg for fyste gong kom til Paris, var ”les modernes” blitt
toneangivande, og begynninga av 1700-tallet var svært framoverretta og optimistisk til
utvikling. Trua på mennesket var sterk, og førte med seg toleranse på tvers av landegrenser,
sosiale og religiøse grenser, tankar som var nye i 1700-tallets klassesamfunn, og dessutan
farlege for styresmaktane.
Akkurat kor farlege dei ideane var, ser ein når ein tar ein kikk på slutten av 1700-tallet: Den
amerikanske revolusjonen, fridomserklæringa i 1776, og den franske revolusjonen i 1789,
begge blodige krigar der den eine sida kjempa for ideane om menneskeverd og demokrati som
kom i opplysingstida. I begge tilfeller vant demokratiet og menneskeverdet frem, og i dag har
som kjent mange land demokrati. Opplysningstida hadde mykje å si for dagens samfunn.

Maiken, FO2A

You might also like