Helge Sandøy - Austlandsk Etter 1800

You might also like

Download as pdf or txt
Download as pdf or txt
You are on page 1of 21

Austlandsk etter 1800

Helge Sandøy

Samandrag
Austlandet er ein samansett landsdel, og dei største språklege og
demografiske omleggingane i Norge etter 1800 har truleg skjedd her.
Delar av Austlandet er tydeleg fråflyttingsområde, mens framfor alt
Oslo-regionen er tilflyttingsområde. Det har gjort midtaustlandsken til
eit ekspansivt dialektområde, og dialekten har der gått igjennom større
endringar enn dei fleste andre stadar. Samfunn som har vore meir
stabile, viser derimot færre endringar i dialekten. Mange av endringane
er ei avvikling av kompliserte grammatiske drag, og det er tydeleg
korleis sentrum i kommunane går føre i utviklinga. Det viser seg å
vere ein gjengangar at ekspansive grammatiske former ikkje er presti-
sjevariantar i norsk.

1 Eit stort og heterogent område1


Første omtalte dialektgrensa i Norge gjeld formene i 1. pers. eintal i Gud-
brandsdalen. Det var sorenskrivar Jens Ziegler i Søre Gudbrandsdalen (sjølv
nordgudbrandsdøl) som i 1743 rapporterte: “det pronomen jeg heder i
Gusdal æ, i Faaberg je [...] og i Læssøe præstegield i” (Norge i 1743 I: 337).
Slik går grensene i dag òg.
Austlandet omfattar fleire dialektområde, og i denne artikkelen skal vi sjå
på midlandsk, nordaustlandsk, midtaustlandsk og eit lite mellomområde. Den
siste delen av austlandsk er vikværsk, som er behandla i eigen artikkel i denne
boka. Denne inndelinga bygger på desse kriteria: Midlandsk har delt ho-
kjønnsbøying, altså ulik ending i bestemt eintal: bote ‘bota’ og visa. Resten av
austlandsk har –a i både sterke og svake hokjønnsord. Nordaustlandsk har
fleirtal av sterke hankjønnsord på –er i ubest. og –a i best. form (altså hester –
hesta) (med eit lite unntak i nord). Same hankjønnsbøyinga har midtaust-
landsk òg, men dei to områda skil seg ved at midtaustlandsk ikkje har omlyd i
presens av sterke verb, dvs. kåmmer-typen med to stavingar, mens nordaust-
landsk har omlyd og éi staving, altså kjem-typen. Så står eit lite område att
vestom midtaustlandsk som liknar midlandsk med –a og –ane i flt. av sterke
hankjønnsord og med kjem-typen i presens, men denne dialekten manglar

1 Arne Torp skal ha takk for nyttige kommentarar til denne artikkelen.
159
160 HELGE SANDØY
delt hokjønnsbøying. Det er tale om austre Telemark og nedre Numedal, og
dette dialektområdet kan vi for formålet her gi ad hoc-namnet ‘nedre døle-
og telemål’. Jamfør kart 1. (Vikværsk skil seg ut med å ha fleirtal av han-
kjønnsorda på –ær og –ane, samtidig som det har tostavingspresens av sterke
verb utan omlyd.) Lågstatusdialekten i Oslo (austkantmålet) er historisk sett
midtaustlandsk. Oslo er drøfta i eigen artikkel i denne boka.

Vågå Nord-

Mid- Sel ØSTERDALEN


austlandsk
Ringebu
VALDRES
landsk Lillehammer Åmot
Slidre Ringsaker
Gjøvik Hamar
Gol HEDMARK
HALLINGDAL Stange
Nes Toten
Nore og Uvdal HADELAND Eidsvoll
Nedre ROMERIKE
Kongsvinger
Vinje Rollag Midtaust-
TELEMARK døle- landsk
Seljord og Oslo
t.-mål

Kart 1: Dialektgrenser innafor austlandsk kring 1900.


(Kartgrunnlag: Kartverket (Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0).)

Dialektområde Hokjønn eint. Flt. hankj. Sterkt presens


Midlandsk +delt –ar & –ane +omlyd
Nedre døle- og telemål -delt –ar & –ane +omlyd
Vikværsk -delt –ær & –ane -omlyd
Nordaustlandsk -delt -er & –a +omlyd
Midtaustlandsk -delt -er & –a -omlyd
Tabell 1: Inndelingskriteria for austlandske dialektar.
AUSTLANDSK ETTER 1800 161
2 Kjeldene
Frå 1700-talet har vi ein del kjelder om dialektane i dette området, slik at
kunnskapane er nokså gode om utgangsposisjonen for tidbolken vår i 1800.
Da kanselliet sendte ut ei omfattande spørjeliste til embetsmenn i 1743, kom
det også med eit spørsmål om sjeldne ord i det lokale området. Det kom inn
mange svar frå Austlandet. Seinare på 1700-talet kjem to større ordbøker, ei
frå Seljord (Wille 1785) og ei frå det vikværske Spydeberg (Wilse 1780).
Wilse i Spydeberg kjem i forordet med den andre nemnte dialektgrensa i
norsk litteratur:

De Indfødde og Vandte viide paa Udtalen at kiende hvert Sogns


Folke-Slag fra hverandre, f.E. naar vi siige: Hestene, siige Eenebak-
kerne: Hesta [...]. (Wilse 1780: 23.)

Her har han altså påvist grensa mellom midtaustlandsk (her romeriksmålet)
og vikværsk.
Meir verdifulle enn ordopplysningane kan bryllaupsvisene og skjemte-
visene frå denne tida vere; dei utgjorde ein populær sjanger, og dei blei
gjerne skrivne i eit meir eller mindre dialektnært språk. Her kan ein nemne
“Døleviser” av Edvard Storm frå Nord-Gudbrandsdalen. Ekstra interessant
er “Samtale imellem Einar Jermonsøn og Reiar Randulvsøn paa Opland i
Aggershus-Stift i Norge”, eit protestskriv utgitt i København i 1771, det året
det ikkje var kongeleg sensur. Prosateksten gir nemleg betre vilkår for å tolke
ut dialektsystemet, sjølv om mangt haltar her òg. Mange av kjeldene fram til
1814 er trykt i Kjell Venås: Den fyrste morgonblånen, 1990.
Også etter 1814 kom dialekttekstar på trykk, særleg da den nasjonal-
romantiske interessa tok seg opp. Ivar Aasen har oversikt over dei i Prøver af
Landsmaalet i Norge, som han gav ut i 1853. Og med Aasen (1848, 1850 og
1853) får vi dei første grundige dialektbeskrivingane, særleg frå Telemark,
Hallingdal, Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen. Ein generasjon etter desse
sentrale beskrivingane kom, begynner den systematiske dialektgranskinga
med Johan Storm og Amund B. Larsen, og dei arbeidde mest med aust-
norsk. Utover 1900-talet aukar talet på arbeid, særleg etter vi fekk hovud-
fagssystemet på universitetet, som gjorde at mange fekk solid utdanning og
kunne gi pålitelege beskrivingar særleg av heimemåla sine. I drøftinga vår av
endring har slike arbeid ikkje alltid fullgod verdi, for perspektivet i dei er ofte
historisk på ein slik måte at språkbeskrivinga blir idealisert og variasjonen
oversett. I endringsperspektivet er det nettopp viktig å få grep om varia-
sjonen. Etter 1970 da sosiolingvistikken fekk innpass, kom variasjonen i
162 HELGE SANDØY
sentrum for interessa, og derfor er kjennskapen vår til endringar i siste
halvdel av 1900-talet mykje meir detaljert enn for nokon periode tidlegare.

3 Dialekten og demografien
3.1. Flytting

Dialektområda for denne artikkelen hadde i 1801 eit folketal på 234 303,
som utgjorde 26,5 % av det samla folketalet i Norge. To hundreår seinare
utgjer innbyggarane i same området 29,0 % av det samla folketalet. Det er
altså ein viss relativ auke. I absolutte tal har innbyggarane blitt 1 311 860 i
2001, og det er ein auke på 460 %; i landet samla er auken på 412 %. På
desse to hundre åra har landet gått igjennom ei sterk urbanisering og sentra-
lisering, som denne landsdelen har tent på.
Dei relative folketalsendringane er svært ulike innafor det austlandske
området. Tre av dei fire områda har fått redusert folketalet i relative tal: mid-
landsk frå 5,5 % i 1801 til 1,9 % i 2001, nedre døle- og telemål frå 2,1 % til
0,8 %, og nordaustlandsk frå 13,6 % til 8,7 %. Vi kan lett sjå at indre og
vestre Austlandet må generelt ha vore eit fråflyttingsområde pga. at folke-
overskottet har flytta ut. Derimot har området for midtaustlandsk vakse i
folketal, i absolutte tal med heile 1584 % (frå 47097 til 793331) frå 5,3 % av
totalbefolkninga i 1801 til 17,5 % i 2001. Aller sterkast innafor dette området
har sjølvsagt Oslo og Bærum vakse, frå 16 806 og 2 746 i 1801 til 512 093 og
101 505 i 2001. Her er auken på 3047 % og 3696 %. Her har altså dei demo-
grafiske omkalfatringane vore så store at det må få språklege konsekvensar.
Områda med liten folketalsauke (og relativ nedgang) er språkleg nokså
konservative, mens større endringar har naturleg nok skjedd i midtaust-
landsken. Grensene for dialektinndelinga i bolk 1, ligg stort sett fast, men vi
skal sjå i bolk 4 at særleg midtaustlandsken har “ete om seg”.
Kva innverknad har flyttingar på dialekten? At folk flyttar, skjer overalt,
ikkje minst ved giftarmål. Men graden av innflytting blir større i samfunn der
næringslivet og ymse sentrumsfunksjonar som f.eks. større skolar og han-
delssenter trekker til seg arbeidskraft. Olav Aasmundtveit (2008) har saman-
likna dei to vesttelemarkske bygdene Vinje og Seljord, som viser seg å vere
nokså ulike. I Vinje har 57 % av elevane ein av foreldra som innflyttar (dvs.
frå område utafor Vest-Telemark), mens det i Seljord er 47 %. Desse tala er
nokså like og fortel om flytting pga. inngifte. Annleis er forskjellen på grup-
pa av elevar der begge foreldra er innflyttarar; den utgjer berre 3 % av
elevane i Vinje mot 42 % i Seljord. Desse siste tala omfattar nok foreldrepar
som flyttar til staden pga. arbeid. Vi kan da rekne oss fram til at det i den
AUSTLANDSK ETTER 1800 163
samla foreldregruppa er berre 34,5 % seljordingar i Seljord, mens det i Vinje
er 68,5 % vinbygger.

Vinje Ingen
av
Seljord
foreldra
3%

Båe Ein av Ingen


foreldra foreldra av
Ein av 40 % 47 % foreldra
foreldra 42 %
57 %

Båe
foreldra
11 %

Figur 1: Foreldrebakgrunn for informantane i Vinje og Seljord (Aasmundtveit 2008:


82).

Dette får, som vi skal sjå fleire eksempel på, språklege følger f.eks. når det
gjeld palataliseringa av velarar, der ungdomsskoleelevane (fødd kring 1990) i
Vinje brukar den tradisjonelle regelen i godt over halvparten av dei aktuelle
tilfella med mogleg palatalisering, mens det i Seljord er mellom 0 og 10 %,
slik at ein der neppe kan seie at palataliseringa er ein del av grammatikken
lenger (Aasmundtveit 2008: 67).
Tvitekkja (1998: 124ff.) viser at informantane hennar i Vinje som ikkje
har vakse opp på gard, har største prosenten av nyare dialektformer, sameleis
som det er ein viss tendens til at ungdommar med berre eine forelderen frå
Vest-Telemark har færre tradisjonelle dialektformer enn dei andre ungdom-
mane. Kulturell orientering gir òg vilkår for endringstendensane, for ung-
dommar med mindre interesse for folkemusikk har mindre av dialektformer
enn andre (126ff.).
Om situasjonen i Gol fortel Nina Berge Rudi i hovudoppgåva si (2007:
64) at berre 25 % av elevane ved den vidaregåande skolen hadde begge for-
eldra frå Hallingdal; for 54 % er eine forelderen innflyttar, og for 21 % er
begge foreldra innflyttarar (s. 64). I foreldregruppa til informantane er det
dermed 48 % innflyttarar, og da ville det vere ei heilt “demokratisk” utvik-
ling om den dialekten som kom ut av ein språkleg integreringsprosess, hadde
nær halvparten av språkdraga frå dialektområda som innflyttarane stammar
frå. Men innflyttarane er ikkje spreidd jamt utover i grendene. Rudi refererer
164 HELGE SANDØY
frå eine informanten at han “nesten ikkje høyrde halling heile barneskulen,
for han gjekk på ein skule med mange innflyttarungar”, mens ein annen som
hadde begge foreldra frå dalen, gjekk på ein skole der dei fleste ungane snak-
ka halling, og det gjorde ho sjølv òg (s. 101). Om denne siste informanten
heiter det at “[d]et var først på vidaregåande skule ho trefte mange unge som
prata bokmålsnært” (s. 102). Det verkar altså som integreringa mellom
språkgruppene ikkje er fullstendig i denne bygda.
Rudi gir oss ikkje nøyaktige opplysningar om dialektbakgrunnen til
foreldra, men fortel at den er blanda. Ho har brukt spørjeskjema, og det vil
seie rapportert tale; blant resultata finn vi at pronomenet i første person ein-
tal subjektsform er konsekvent e hos 43 % av elevane og konsekvent jæi hos
41 % (s. 88f.). For me og vi i fleirtal første person er tala 42 % og 49 %, og
for ikkji mot ikke er skårane 24 % og 48 %.2 Foreløpig viser desse enkle tala
ein uavgjort-situasjon, slik dei demografiske tala kan få oss til å rekne med.
Vi kan berre vente med stor spenning på kva eit meir homogenisert produkt
blir i framtida.
At innflyttarar har skapt todialektale lokalsamfunn og dermed ein varig
språkvariasjon i lokalmiljøet, er ikkje noko nytt, og derfor skal vi ikkje dra
raske konklusjonar om det endelege språkproduktet i slike samfunn. Randi
Anita Knutsen viser i eit arbeid – òg frå Hallingdal – at ungdommar brukar
meir tradisjonelt hallingmål jo eldre dei blir, og dei som siktar mot høgare
utdanning, brukar tradisjonelle former meir enn andre. Dei “erobrar den
lokale identiteten i løpet av grunnskolen”, skriv ho (2015: 116).

3.2 Sentrumsmål og bygdemål

Ringebu i Gudbrandsdalen fekk jernbane i 1896, og i Vålebrua voks det etter


kvart fram ein stasjonsby. Arne Torp (1999) beskriv sentrumsmålet der i dag
som “ei forenkla utgåve” av bygdemålet og dermed midtgudbrandsdalsk (s.
98). Både jamvektsuttale, palatalisering av velarar og dativbruk har falle bort,
dessutan har målet fått berre éin endingsvokal i partisipp av sterke verb (altså
bitti og vorri) og ikkje vokalskifte etter eit vokalharmoniprinsipp som bygde-
målet har (med biti og vore). Substantivbøyinga er sterkt forenkla med fleirtal
på –er og –an i ubestemt og bestemt form i både han- og hokjønn (gamle
langstavingsord) i staden for det gamle klassesystemet, slik at kroka – krokan,
bekkjë – bekkjin, bakke – bakkan, bygdë – bygdin, viso – vison, bøk – bøken går alle

2
Ettersom det er spurt om desse formene i ulike spørsmål og ikkje parvis, blir prosenttala ikkje full-
gode å samanlikne, for summen av f.eks. dei som avviser jæi, og dei som opplyser at dei varierer, ut-
gjer 59 % og ikkje 41 %, som er differansen mellom dei 43 % konsekvente e-brukarane og 100 %.
Men tala er uansett gode peikepinnar.
AUSTLANDSK ETTER 1800 165
over til å få endingane –er og –an. Sentrumsmålet har òg fått same
fonologiske forenklinga som bygdemålet utover 1900-talet ved at diftongane
ei og øy framom konsonant er blitt monoftongert (bæn og løpe for ‘bein’ og
‘løype’) – så her blir det eitt fonem mindre.
Torp skriv at det er stor variasjon i talemålet i Vålebrua også “frå gong til
gong hos den same personen” (s. 94f.), og han reknar det som eit drag ved at
dialekten er ung. Sentrumssamfunnet har fått sirka 2000 innbyggarar etter
vel 100 år som stasjonsby. Noko innflytting kan ein nok rekne med pga. sen-
trumsfunksjonane, men kommunen som heilskap har vore fråflyttingskom-
mune når ein ser på at folketalsveksten frå 1801 til 2001 er på berre 68 %
mot 412 %, som er snittet for heile landet.
Som Torp framhevar, er sentrumsmålet tydeleg ein gudbrandsdalsk dia-
lekt framdeles med f.eks. e og oss som førstepersonspronomen. Det som
vidare skjer, er at ein del av bygdefolket òg tar opp ein del sentrumsdrag og
varierer ein del i språkbruken sin (s. 97). Sentrum har slik gått føre i utvik-
linga, og det drar bygda med seg. Vålebrua verkar ikkje vere eit todialektalt
samfunn der innflyttarane utgjer ein enklave, derimot ein katalysator i
endringsprosessen.
På Otta i Sel kommune har nokre av same endringane skjedd, f.eks. at
endinga –er har komme inn i fleirtal av substantiva. Her har òg sterke ho-
kjønnsord i ein viss monn fått –a i bestemt eintal slik at dialekten der er på
veg bort frå delt bøying i hokjønn. Det er altså sørgudbrandsdalsk som
spreier seg ikkje berre til Ringebu, men òg til Otta, eller ein skimtar kanskje
ein moderne regionalisert variant av gudbrandsdalsk. Men Otta viser konser-
vatisme i andre morfologiske drag, og kortstavingsuttalen i einstavingsord –
eit særdrag for nordgudbrandsdalsk – held seg godt, som f.eks. i [vet] ‘vett’.
(Andersen 1984.)

3.3 I skyggen av Oslo

Ellen Skolseg (1999) har i ein studie sett på dialektbruk og dialektoppfat-


ningar på Romerike, og konklusjonen er at endringane i løpet av 1900-talet
har vore store, og at dei har gått i retning lågstatusspråket i Oslo. Lengst har
utviklinga gått nærast byen, som i Lørenskog, og minst i Eidsvoll, altså lengst
unna. På Romerike har halvparten av dei arbeidsføre arbeidet sitt i Oslo, og
mange av dei som bur på Romerike, er utflytta oslobuar som har tatt med
seg dialekten sin. Her er liten stabilitet, særleg nærast Oslo. Dessutan må ein
ha i tankane at austkantmålet i Oslo og romeriksdialekten i utgangspunktet
stod kvarandre nær.
Kolsrud (1932) beskreiv romeriksdialekten i mellomkrigstida, og alt da
hadde preteritumsformene av kaste-klassen begynt å gå over frå –e til –a i
166 HELGE SANDØY
søre delen av Romerike (s. 51), altså gjekk kaste til kasta. Former som braut –
har brøti i 2. kl. sterke verb var på veg over til brøyt – har bryti. Men tradi-
sjonelle former som bjønn, stykkje, ei vyku, har vøri osv. var vanlege. Skolseg
opplyser at slike former snart høyrer fortida til (1999: 131f.). Hos dei eldste
fann ho berre preteritumsformer som kaste og ordformene vørti, je og itte
unntatt i Lørenskog. Men hos dei unge var dette jamt over blitt til kasta, jæ
og ikke, men ungdommane på Eidsvoll sa je (s. 133). På Øvre Romerike var
kløyvd infinitiv og tjukk l av gno. rð gjennomført også hos unge, men i
Lørenskog fanst desse draga berre sporadisk. Retninga i utviklinga var altså
tydeleg mot austkantmålet i Oslo, og det vil òg seie at dei gamle rome-
riksformene som dissa bila, alle husa, /ʂø:ɽ/ ‘sjølv’, dom/døm/dem, 2bannan og
diftongar var gjennomført, for dei fall saman med oslomålet (s. 134).
Skolseg rapporterer òg at språkpresset er sterkt, for det er vanleg at folk
snakkar meir “bynært” når dei er på arbeid – her kan det vere tale som
former som disse bilene, di – dem, ba1nan osv. – men dei går tilbake att til den
moderne romeriksdialekten når dei kjem blant venner og er i familien (1999:
137). Dermed har romerikingane tatt opp det sosiolingvistiske mønsteret
som har vore kjent frå byen lenge, slik at dei er situasjonsbetinga todialektale.

3.4 Bymåla

På det indre Austlandet har det ikkje utvikla seg så mange byar. Lillehammer
blei etablert med bystatus i 1842, Hamar i 1849 og Gjøvik i 1861. Fram-
veksten av Hamar fekk støtte i jernbanen, som blei opna til Eidsvoll og Oslo
i 1886. Men byveksten her har ikkje vore svært stor, og heile Hedmark har
hatt stabilt folketal utover 1800-talet. Byen Hamar voks fram på “Stange-
jord”, og det dialektale utgangspunktet var “Je har kaste sten”. I dag rår “Jæ
har kasta stein” fullstendig (Holland 2001: 10), noko som viser at det ikkje er
prestisjespråket som har spreidd seg. Både formene med –a i preteritum av
kaste-klassen og former med diftong for eldre monoftong (sein for eldre sen)
representerer dei fullstendig dominerande formene på Norges-kartet (og vik
av frå prestisjeformene), og diftongformene hadde dessutan støtte i
nabokommunen Ringsaker i nord. Jæ og ikke, som hamardialekten har fått,
er generelle austlandske byformer.
På andre sida av Mjøsa har Evensen & Tveit (1990) undersøkt Gjøvik-
målet. Dei fortel om eit overraskande stabilt mål. Dei tradisjonelle opne
vokalane som i hæst er nesten 100 % gjennomført, og her står presens med i-
omlyd seg godt (kjem-typen), gamle jamvektsinfinitivar held på –a, osv. Men
eit par nye drag har gripe om seg: Typen brøyt for braut har oppnådd 50 % i
bruk, og preteritum på –a i kaste-klassen har fått 9,4 %.
AUSTLANDSK ETTER 1800 167
4. Nye grenser?
Kart 1 viste oss inndelinga etter tradisjonelle dialektdrag, som vi kan kjenne
oss trygge på gjaldt kring 1900 da kunnskapen om dei var blitt nokså stor og
påliteleg. Før den tid kjenner vi ikkje til anna grenseflytting i dette området
enn at Eggedal hadde delt hokjønnsbøying på 1880-talet til liks med nabo-
kommunen Rollag, men etter 1900 har bygda gått saman med resten av
Sigdal og slutta seg til det vi kallar nedre døle- og telemål.
I løpet av 1900-talet har ein god del skjedd i eit vidt omland rundt Oslo.
Skramstad (1999: 156) viser at ungdommen på Hadeland i praksis har gått
bort frå einstavingspresens med omlyd og over til tostavingsformer, altså
kåmmer og graver, som begge viser over 90 % bruk i denne granskinga. Der-
med er det midtaustlandsk som dominerer i dag etter kriteriet vårt: to-
stavingsform utan omlyd i sterke presens. Det som finst att av nordaust-
landsk, er ein minkande rest. Papazian & Helleland meiner òg at same
utviklinga gjeld for Ådalen i Ringerike, Hedalen i Sør-Aurdal, og dessutan
Krødsherad og Sigdal. Dei to siste kommunane går dermed frå nedre døle-
og telemål til midtaustlandsk. Frå vikværsk har Lier, Eiker, Drammen og
Kongsberg gått til det midtaustlandske målområdet pga. fleirtalsendingane.
Det skal òg vere god grunn til å rekne Kongsvinger inn i det området no, og
dermed går moderne midtaustlandsk frå Kongsvinger til Kongsberg.
(Papazian & Helleland 2005: 91.)

Midlandsk Nordaustlandsk

Ringerike
Krødsherad Konsvinger
Midtaustlandsk

N. Oslo
døle-
og Kongsberg
t.mål

Kart 2: Dialektinndeling i søre delen av austlandsk kring 2000 (jf. kart 1)


(Kartgrunnlag: Kartverket (Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0).)

Ut frå den utviklinga Papazian 1997 har beskrive frå Numedal, er det nok
naturleg å rekne med at stordelen av Nore og Uvdal (unntatt sjølve Uvdal og
Tunhovd) nå har fått eit dominerande midtaustlandsk talemål, og det same
168 HELGE SANDØY
gjeld truleg for Rollag og Flesberg. Dermed har dette området “vunne ter-
reng” frå alle dei andre dialektområda. Dette er den mest omfattande dialekt-
geografiske omlegginga vi kan peike på i Norge, og vi kan eigentleg etter
dette revidere grensene slik som det er vist på kart 2. Demografisk har
grenseflyttinga som følge at midtaustlandsk talemål har auka delen av folke-
talet i landet frå 17,5 % – som vi rekna med i bolk 3.1 – til 21,4 %.

5 Språkstrukturelle endringar
5.1 Fonologi

5.1.1 Vokalar

I mykje av austlandsk er gno. kort a og o framskotne framom visse konso-


nantar (mest alveolar, retrofleks l og velar), og slik i austtelemålet: alt, kol,
plagg > /elt, køɽ, pɽeg/. Dette er resultat av ein historisk tilbakelagt lydregel,
og nå avspeglar fenomenet seg som eit leksikalsk fenomen, men med ein
distribusjonstendens av dei aktuelle vokalane. Dette draget har lenge vore
under press; dei opphavlege lydkvalitetane /a, ɔ/ er dominerande i norsk
språk, og dei er på veg inn att i dialektane som har hatt framskytinga. Men,
som typisk er for leksikalske fenomen, kan denne omlegginga ta lang tid.
Skjekkeland (1980: 105) viser at det i Bø i Aust-Telemark er 81 % bruk av
framskotne vokalar i eldste aldersgruppa, dvs. informantar som er fødd før
1919. Hos dei yngste (fødd 1963–65) er prosenttalet komme ned i 55 (og
8 % vekslar).
Holland (2001: 107ff.) viser òg at framskytinga i typen mann er på retur
på Stange og får minimalt med belegg (5 %) hos ungdommane; derimot er
det i Romedal 27 %. Alt hos foreldregenerasjonen – som er etterkrigsgenera-
sjonen – er tilfella med tradisjonell /æ/ komne ned mot halvparten (Holland
2001: 111), så retretten må altså vere begynt ei god stund før krigen. På
Hadeland har ungdommen gått like mykje vekk frå slike former; Skramstad
(1999: 156) viser at godt under 10 % har mænn for mann.

5.1.2 Konsonantar

a. Differensiasjon
Valdres- og hallingmålet har uttalen dn for gno. rn, som i jødn ‘jarn’. For eit
par hundre år sia gjekk nok denne differensiasjonen ned Numedal òg. I
visene sine frå midt på 1700-talet har presten og numedølen Augustinus Flor
AUSTLANDSK ETTER 1800 169
(1719–1787) former som kodn, dvs. med differensiasjon av rn, likeins som
dialekten i Hallingdal, og 1743-svaret frå presten Krog har òg eksempel på
slike former: bådna og dydna ‘barna, døra’ (Norge i 1743 II: 303f.). Men Hoff
tvilar på om det har vore gjennomført i dalen, fordi Johan Storm ikkje fann
slike former sirka 120 år etter Flor (Hoff 1981 a: 135, 1981 b: 180f.). Men
uavhengige belegg styrker nok ei oppfatning av at Numedal har hatt diffe-
rensiasjon, men han kan jo ha begynt på returen alt midt på 1700-talet og så
ha vore tapt da Storm kom der i siste halvdel av 1800-talet.
I Valdres har dette draget stått sterkt heilt til etter andre verdskrigen, og
hos generasjonen som voks opp da, var bruken 91 %. Hos ungdommane
fødd midt på 1980-talet var prosenten kommen ned i 48 (Kvåle 1999: 85).
Dette har neppe vore nokon produktiv fonologisk regel på fleire hundre år,
det er blitt eit leksikalsk fenomen, og det er tydeleg at frekvente ord held
lenger på dn-uttale enn sjeldan brukte ord.
Den differensierte konsonantismen har òg vore brukt i bestemt fleirtal,
dvs. i endingane –adn, –idn og –udn. I granskinga Kvåle gjennomførte i
Valdres, var det der same tilbakegangen i endingane som i leksema (Kvåle
1999: 109). Endingane som tar over, er i 19 % av tilfella dei tilsvarande –an,
–in og –un, og i 18 % tostavingsendinga –ene.

b. Palatalisering av velarar
Palataliseringa i gno. bókin > [bo:c͡ çin] var ei generell fonologisk utvikling av g
og k framom fremre vokal i sein gammalnorsk, men ho gjekk over til ein
morfofonologisk regel i mellomnorsk da suffikset –in i mange dialektar blei
til –a (altså ikkje-fremre vokal) utan at palataliteten fall vekk, og da det gamle
suffikset –a blei redusert til fremre –e eller –ɛ utan å føre til palatal
konsonant framom, dvs. at sanka ikkje blei til */2saŋc͡ çe/. Midlandsk har
halde på palataliseringsregelen og derfor vekslingar som /bʊ:k – bʊ:çe/. I
midtaustlandsk har vi derimot ikkje dokumentert slik palatalisering i tid-
bolken vår, men palataliseringa har halde seg leksikalsk, dvs. først og fremst i
svake inkjekjønnsord, der palataliseringa gjaldt i alle bøyingsformene, dvs.
stykkje og merkje, og slik har ho gått inn i den leksikalske forma. Slik er det òg
i nordaustlandsk i dag.
Eit særmerke Aasen noterte seg frå reisa til Hallingdal sommaren 1845,
var at dialekten der hadde palatalisering framom suffikset –ing: Dragjing,
Bakjing, Vaskjing (Aasen 1845 b: 104). Dette er einaste dialekten i Norge som
har palataliseringa i denne kategorien.
I første etterkrigsgenerasjonen i Valdres er det 86 % bruk av palatalisert
velar i substantivbøyinga i fleirtal av hankjønnsord (f.eks. legger /2leɟ͡ji/), mens
det hos yngste generasjonen fødd tidleg på 1980-talet er 27 % (Kvåle 1999:
83). Dette er ein tydeleg og rask nedgang, men han tilsvarar mønsteret vi ser
170 HELGE SANDØY
i andre landsdelar, og tendensen må tolkast som uttrykk for at den morfo-
fonologiske regelen om palatalisering er grammatisk komplisert og går fort
ut når endringa begynner å skje, altså når barna ikkje lenger har eit homogent
lokalt talemål å etterlikne. Jamfør situasjonen vi nemnte for Seljord i bolk
3.1. Interessant er det å sjå at denne omlegginga verkar inn på kva klasse
substantiva følger i fleirtal, for ord frå den tradisjonelle er-klassen går lettare
over til ar-klassen viss dei inneheld ein velar, som tradisjonelt altså skulle ha
vore palatalisert, slik at /2leɟ͡ji/ går lettare til /2lega/ enn /2gri:se/ går til
/2gri:sa/; første typen har dobbelt så høg prosent for den nye bøyinga etter
ar-klassen som den andre (Kvåle 1999: 84). I den labile endringsfasen er det
altså ein tendens til å velje ei fleirtalsending der ein slepp å ta i bruk palatali-
seringsregelen. Ein slik strategi viser at den tradisjonelle palataliserings-
regelen har mista produktiviteten, og at ein gjer val for å unngå han.

5.2 Morfologi

5.2.1 Kløyving ved jamvekt

I austlandsk fekk den gamle jamvektsregelen morfologiske følger etter kvan-


titetsomlegginga ved at ein del bøyingsklassar blei delt i to fordi endings-
vokalen ikkje lenger kunne forklarast ut frå kvantiteten i ordstammen. Før
omlegginga kunne altså endringane i baka og koke forklarast ut frå lengda i
stammane [bak] og [kʊ:k]; etterpå måtte endringane forklarast ut frå bøy-
ingsklassen. Dette ramma verb og substantiv, og det morfologiske systemet
må nå beskrivast med fleire klassar – og dermed er det blitt meir komplisert
etter kvantitetsomlegginga. Dei klassane som inneheld orda med tidlegare
kortstavingar, jf. å baka og ei viku, var ikkje produktive lenger fordi nye ord
som å surfe og ei plate gjekk til klassen med gamle langstava ord, jf. å kaste og
ei vise. Den vidare utviklinga er til vanleg at det oppstår “lekkasje” frå ikkje-
produktive klassar over til dei produktive. Denne tendensen er mest under-
søkt i infinitivar.
Tvitekkja (1998: 101) fann hos ungdommane i Vinje fødd kring 1980 at
dei hadde 90 % gjennomført –a etter jamvektsregelen, og gjennomføringa
var aller best i dei frekvente verba. I ei gransking frå Valdres hadde infini-
tivane i dei gamle jamvektsverba ein bruksprosent på 96 hos første etter-
krigsgenerasjonen, hos dei fødd midt på 1980-talet var talet nede på 65.
Busterud (1996: 56ff.) fortel frå Åmot i Søre Østerdalen at fullvokalen i jam-
vektsinfinitivar er brukt i 83 % av dei aktuelle tilfella i aldersgruppene samla,
og prosenttalet er nokså likt i alle tre aldersgruppene.
Det kompliserte mønsteret har altså stått seg bra i desse tre indre
bygdene. Holland (2001: 107ff.) har undersøkt preteritum, og der viser ung-
AUSTLANDSK ETTER 1800 171
dommane på Stange og i Romedal 14 og 12 % bruk av det gamle systemet
med kaste (mot taɽa) i pret., så her har den nye forma med –a heilt fått over-
taket hos denne generasjonen. Hos dei vaksne er derimot gjennomføringa av
den tradisjonelle varianten fullstendig (Holland 2001: 111).

5.2.2 Substantiv

a. Delt hokjønnsbøying
Det gammalnorske skiljet mellom ulike suffiks i sterke og svake hokjønn er
ført vidare i midlandsmåla. Det gjeld både i eintal og fleirtal, men best. form
eintal er mest systematisk kartlagt, og den forma er kriterium for dialektinn-
delinga. Som beskrive i bolk 1 har heile Austlandet –a i best. eint. av svake
hokjønnsord, men midlandsk har –e eller –i i sterke, dvs former som visa mot
bygde/-i. Resten av austlandsk har altså visa og bygda.
Tvitekkja (1998: 98) fortel frå Vinje at førekomsten av –i i sterke ho-
kjønnsord best. eintal er på 75 % hos ungdommar fødd kring 1980. Det til-
seier da at den nye endinga –a, som fell saman med endinga i svake ho-
kjønnsord, har fått 25 % – i ei gruppe der dei som ikkje snakkar telemarking,
blei haldne utafor. Dét er så høg prosent at det kan bety at eit samanfall i
bøyinga er på veg inn. I fleirtal er òg førekomsten av den svake endinga –ur
kommen ned i 75 % i Vinje.
Den tradisjonelle endinga i best. eintal hokjønn er i Valdres –e. Men alt
hos første etterkrigsgenerasjonen har det komme inn 11 % –a, og hos dei
unge fødd midt på 1980-talet er a-en kommen opp i 32 %. Delt hokjønns-
bøying dominerer såleis framdeles – og særleg i den samla befolkninga.
I Nore og Uvdal hadde 74 % av dei vaksne delt hokjønnsbøying i 1994,
mens berre 30 % av dei unge heldt på dette tradisjonelle skiljet. Dette gjer at
i grenseoppdateringa bør Numedal i dag ikkje lenger reknast inn i midlands-
måla. Einast øvste bygda, Tunhovd, som har godt samband med Hallingdal,
held fast på den delte bøyinga (Papazian 1999: 170, 168).
Midtaustlandsk har i lengre tid hatt stor innverknad vidt på Austlandet,
og Johan Storm kommenterte dét alt på slutten av 1800-talet. Hoff set det i
samanheng med den sterke veksten som det nærliggande Kongsberg fekk alt
på 1600-talet da det voks fram ein gruveby der etter 1624; midt på 1700-talet
var det heile 4000 mann i arbeid (Hoff 1981 a: 102–104, 1981 b: 172).

b. Svake hokjønnsord med jamningsform


Svake hokjønnsord med gammal jamvekt har i store delar av austlandsk
same forma i ubestemt og bestemt form eintal. Slik er det i Hallingdal, Vald-
res og Nord-Gudbrandsdalen: ei stugu – den stugu. I ubest. form går vokalen
tilbake på udekt –u i gammalnorsk, men i best. form tilbake på ein nasalert
172 HELGE SANDØY
–u͂ , som i Aust-Telemark har gitt –o, og den tradisjonelle bøyinga i Bø f.eks.
er derfor ei viku – den viko. Overvektsorda, dvs. den produktive bøyinga, går
som ei jente – den jenta. Dette systemet med skiftet frå u til o rapporterte Aasen
om da han besøkte Seljord (Aasen 1845 a: 55). Det er òg det rådande sys-
temet hos dei eldste i granskinga hans Skjekkeland (1980: 139) med 91 %
bruk. Men dei eldste har òg i 7 % av tilfella fått ei bøying der endinga –a frå
den produktive klassen er sett inn i staden for o-en: ei viku – den vika, og
denne typen har fått 44 % hos dei yngste. Dei yngste har òg fått 10 % av den
konkurrerande typen der viko osv. er rekna som den ubøyelege stammen av
ordet ved at endings-a-en er sett til i bestemt form, og da blir bøyinga: ei viko
– den vikoa. Her er altså brukt to strategiar for å “normalisere” bøyinga etter
det produktive mønsteret.

c. Bestemt form i fleirtal


Suffikset i best. form fleirtal er på éi staving i størstedelen av området
(hest+an), men i nokre mindre område har suffikset to stavingar (hest+ane), og
det er ikkje særleg endring i grensene mellom dei to typane, men litt: I Vest-
Telemark ser det ut til å vere ei nokså stabil grense mellom Vinje med to-
stavingssuffiks og Rauland med einstavingssuffiks (Tvitekkja 1998: 68). Frå
Bø, som vi reknar til nedre døle- og telemål, fortel Skjekkeland (1980: 149)
om at tostavingsformer har komme sterkt inn i ei mellomgruppe for så
seinare å vike att hos dei yngste informantane til fordel for einstavingsforma.
Aasen (1853: 53) brukar einstavingsformer i teksten frå Seljord, men
opplyser om variasjon med tostavingsform alt da.
Vokalen i suffikset avspeglar den gamle klassebøyinga, og nokså gjen-
nomgåande i midlandsk er det at ein skil mellom dei tre suffiksvokalane a, i
og u. Men i Nes i Hallingdal er –a og –an på veg til å ta over for dei tradi-
sjonelle endingane med –a, –i, –u og –adn, –idn, –udn, dvs. jenta – jentan for
tradisjonelt jentu – jentudn osv. Her er det altså ein forenklingstendens som vi
ser att mange stadar, og vi kan igjen legge merke til at det ikkje er suffiksa frå
standardmål eller prestisjemål som sigrar.
I best. fleirtal av sterke nøytrumsord er det ein del uventa nye former
som utviklar seg. I Numedal har former som /ta:ko/ ‘taka’ etablert seg, og
det er lettast å forklare dei som eit gammalt samanfall med dativ (Papazian
1997: 162). Allereie på 1700-talet hos Flor frå Rollag er det brukt former
som huso. Slike former finn ein dels òg i Uvdal i variasjon med den eldre huse
(Hoff 1981 a: 111ff.). I Valdres er det òg tendensar i same retninga, men
sterkast er tendensen til å ta i bruk den søraustlandske endinga –a i bestemt
fleirtal nøytrum: /1ta:ka/. A-formene har gått frå 11 % hos foreldregruppa til
52 % hos ungdommane fødd midt på 1980-talet, mens o-forma har auka
mindre, nemleg frå 3 til 4 %, og –ene har gått frå 2 % til 12 % (Kvåle 1999:
AUSTLANDSK ETTER 1800 173
118). Vi kan såleis legge merke til at bøyinga har vore noko ustabil i denne
ordklassen i heile etterkrigstida.
Svært særmerkt er –nde som bestemtheitssuffiks i fleirtal, slik den eldre
dialekten i Sel hadde det fram mot slutten av 1800-talet. Denne endinga blei
brukt berre i svake ho- og hankjønnsord med jamvekt, slik at det heitte
hågånde og vikunde ‘hagane, vekene’. Etymologisk kan ikkje denne forklarast
ut frå vanlege endringar av gno. –rnir og –rnar. (Jamvektsforma framom –
altså hågå og viku – må synkront tolkast som ordstamme i både eintal og
fleirtal ubestemt form.) Fleirtalsforma med -nde minner om slike “unatur-
lege” og kompliserande utviklingar som Peter Trudgill (1997) hevdar kan
oppstå nettopp i småe og tette samfunn utan særleg innflytting. Sel-formene
er omtalt av A.B. Larsen i Indberetninger (1950: 55) og da som parallell til den
vanlegare endinga –eiɲ (Grøsland 1976: 21). Det er såleis ikkje dokumentert
at forma nokon gong har vore gjennomført; i dag er ho neppe i bruk lenger.

5.2.3 Verb

a. Talbøying av verb
Numedal, Hallingdal og Valdres har vore det området austafjells som har
halde lengst på fleirtalsbøying av verb i presens og preteritum (i den siste
forma aktuelt berre for sterke verb). I Valdres skal denne bøyinga ha vore
vanleg allstad litt før 1900, og Aasen (1853) har ho gjennomført i Valdres-
tekstane sine. Men så har ho først falle ut i nedre bygdene, og Beito (1979:
85) reknar ho som aktuell berre i Vang og Slidre, mens Wangensteen (1971:
8) avgrensar fleirtalsbøyinga til Vang. Ein generasjon seinare fann Kvåle
(1999: 98) svært lite att av fleirtalsbøyinga i presens. (Kvåle undersøkte ikkje
dei sterke i preteritum.)
I Hallingdal har Thoengen (1994: 92ff.) funne meir av denne bøyinga.
Mens Beito spådde snarleg bortfall av talbøyinga av verb alt i 1958 (1979:
178), har dei svært unge nesningane framdeles 20 % bruk av talbøying i pre-
sens, altså e kjem, me kåma.
På 1800-talet fanst talbøying i både presens og preteritum i Nore og
Uvdal (Numedal). I presens fanst talbøyinga i Rollag fram til på 1950-talet.
Avviklinga der har gått over lang tid; alt kring 1800 var ho nok på vikande
front, for slike former er ikkje konsekvent brukt i f.eks. visene hans Augus-
tinus Flor, som skreiv på heimemålet sitt frå Rollag. (Hoff 1981 b: 182;
1981 a: 114.) I Nore og Uvdal – med sterk innflytting i siste halvdel av 1900-
talet – var bruken av talbøying i presens på 11 % hos ungdomsskoleelevane i
1994, og 32 % hos dei vaksne (Papazian (1999: 54).
Gudbrandsdalen har ikkje hatt talbøying av verb i nyare tid, men Edvard
Storm har nokre enkelttilfelle av slikt i visene sine frå slutten av 1700-talet:
174 HELGE SANDØY
“Oss vilja inkje syte”. (Vestad 1994: 32.) Oppskrifter frå Vest-Telemark frå
sirka 1820 tyder på at talbøyinga var fallen vekk der òg ved starten av
tidbolken vår (Svenungsen 1985).

b. Kortverb
Frekvente verb har fått ein tendens til å bli avkorta og først i infinitivsforma
(f.eks. ta for taka), men i midlandsmåla mindre enn i norsk elles. Denne ut-
viklinga har likevel vore merkande der òg dei siste hundreåra. Augustinus
Flor har frå midt på 1700-talet konsekvent kortforma je for jeva, og han har
vå for ‘vade’, men elles har han f.eks. lægje for ‘le’. Han har bøyingane gange –
jæng, stanne – stænn, mens heile dalen nå har gå – går, stå – står. Flor har òg
infinitiven tåko, men Johan Storm høyrde seint på 1800-talet ta i Nore, og
Hoff har registrert kortforma i heile dalen. Sirka 1900 skiftar lang- og kort-
form i Nord-Rollag som i ha/hava, je/jeva (Hoff 1981 b: 174).
Vest-Telemark har nok halde lengst på dei tradisjonelle langformene i
infinitiv og presens, slik som i gange – jeng, og desse held seg òg hos nesten
alle ungdommane (f. kring 1990) i Vinje i dag, mens storparten av ungdom-
mane i Seljord er gått over til bøyinga gå – jeng, som òg er bøyingsmåten i
nabokommunen Bø. Her ser ein altså tendensen til å gå til einstavings-infini-
tivar. Morfologisk er ikkje kortformer noko systembrot, men det kjem opp
eit dårlegare samsvar mellom infinitiv og presens i enkeltverba på denne
måten, så ein kan nok rekne med at analogien til bøyinga nå – når kjem til å
presse seg inn etter kvart (altså bøyinga gå – går), særleg når det samtidig finst
ein tendens til å bruke nye kortformer òg i perf. pts.: gått, tatt, fått (Aasmund-
tveit 2008: 71f.).
Nord i midlandsk-området er kortformene temmeleg gjennomført og har
vore det lenge. Aasen (1853) har hå i prøva frå Gudbrandsdalen. (Forma er
utvikla ved utjamning i jamvektsord: hafa > håvå.) Aasen (1845 d: 141) opp-
lyser også om kortformene har og går i gudbrandsdalsk, mens stande og gange
framleis fanst i infinitiv.

5.3 Syntaks

Dativ
Tradisjonelt er Valdres med i det norske dativområdet saman med Halling-
dal. Men dativen har tydeleg vore på tilbakegang i Valdres i lengre tid, for alt
første etterkrigsgenerasjonen har berre 40 % bruk av dativ i aktuelle dativ-
posisjonar etter preposisjon. Som omsynsledd gjeld det 25 %, og i direkte
objekt etter visse verb er dativen brukt i 20 %. Hos ungdommane fødd midt
på 1980-talet er det 10 % etter preposisjon; elles er det ikkje noko. Ergo kan
AUSTLANDSK ETTER 1800 175
ein rekne med at innlæringa av denne kasusbruken tok slutt ein gong på
1980-talet i Valdres. (Kvåle 1999: 134ff.)
I Numedal har det neppe vore levande dativ siste par hundreåra, og berre
restar i faste vendingar finst. Viseoppskriftene frå Rollag etter Flor frå midt
på 1700-talet viser heller ikkje dativformer, og dativ er ikkje i bruk i
Telemark, fortel Aasen (1853: 53).
Aasen (1845 c: 127) er overraska over at dialektane på m.a. Toten og
Hedmark har dativ, og han opplyser at dativen er brukt både etter preposi-
sjon, i indirekte objekt og i direkte objekt etter visse verb. Etter andre verds-
krigen har dativ falle meir og meir ut som levande kasus i områda kring
Mjøsa, men noko er att i delar av Toten (Faarlund 2000: 97). Restområdet
for denne kasusbøyinga har skrumpa raskt inn etter andre verdskigen.
Bruken av dativ står i dag sterkast nørdst i nordaustlandsk, dvs. i Nord-Gud-
brandsdalen og Nord-Østerdalen (Øygarden 1995; Moseng 1996; Sandøy
2011).

6. Hovuddrag i utviklinga
Dei dialektområda som her er beskrivne, har vore prega av både konserva-
tisme og radikale omleggingar dei siste par hundreåra, og hovudmønsteret er
at største endringane følger dei store demografiske omleggingane. Områda
som gjennom dei to hundreåra ikkje har opplevd nokon merkande innflyt-
tingsperiode, har hatt stor stabilitet i språket, og det ser ein tydelegast i
språkstrukturen. Dialektgrensene ligg òg fast der. Det sentrale området kring
Oslo har fått stor folketilflytting, og området er blitt ein sirkumferens til
hovudstaden med stor arbeidspendling. Det har fått språklege følger. Første
fase i den språklege omlegginga er todialektalitet og stor individuell varia-
sjon. Det er den gamle austkantdialekten som har vore mest på offensiven.
Tilflyttinga til det midtaustlandske området har vore så omfattande at ein må
vente at det har oppstått ein koinéformingsprosess (“smeltegryteeffekt”), og
den ser ein truleg i at det veks fram eit ‘moderne midtaustlandsk bymål’ som
ikkje tilfredsstiller kriteriet om –a i hankj. best. flt. lenger (jf. Papazian 1999:
180 og 2011). Men denne prosessen er ikkje godt nok studert ennå.
Dette moderne midtaustlandske bymålet har òg etablert seg i ein del
stasjonsbyar og turistsenter elles på Austlandet. Det er ei utvikling som
begynte kring 1900. Dei språklege følgene er ikkje klåre, for somstad får eit
midtaustlandsk bymål dominansen (f.eks. i Numedal), andre stadar (f.eks. i
Ringebu i Gudbrandsdalen) ser det ut til at midtaustlandsken skaper koinéar
saman med den tradisjonelle dialekten, andre stadar kan det meir sjå ut til at
176 HELGE SANDØY
dei dannar enklavar i det tradisjonelle dialektsamfunnet (f.eks. Valdres og
Gol i Hallingdal), og at den endelege verknaden dermed er usikker.
Ovafor har det gått fram at det har vore stor morfologisk kreativitet i
austlandsken. Dei strukturelle endringane som ikkje kan forklarast med be-
folkningsendringar, ser ut til å gå i retning av regionale utjamningar der dei
enklare strukturmønstera slår sterkast igjennom. Spreiinga av a-endinga i
pret. og perf. pts. i kaste-klassen kan rettnok ikkje reknast som forenkling,
men forma representerer ei utjamning for heile Austlandet og med det meste
av landet.

Litteratur
Andersen, Evabjørg. 1984. Drøfting av målbruken på Otta i sosiolingvistisk
perspektiv. Upubl. hovudoppg. Oslo: Universitetet i Oslo.
Beito, Olav T. 1979. Artiklar og taler i utval. Norsk Målførearkiv, 34. Oslo:
Universitetsforlaget.
Busterud, Lise. 1996. Variasjonar i åmotdialekten – med særleg vekt på kjønns-,
alders-, og geografiske skilnader. Upubl. hovudoppg. Oslo: Universitetet i
Oslo.
Evensen, Aage & Tone Tveit. 1990. TÅG. Talemålsvariasjon åt gjøvikensere. En
språksosiologisk og språkgeografisk undersøkelse. Oslo: Novus.
Faarlund, Jan Terje. 2000. Totenmålet. [Lena]: Østre Toten kommune.
Grøsland, Ola. 1976. Substantivbøyinga i Vågå-målet. Synkron morfemanalyse og
klassifisering med målgeografisk og fonologisk oversyn. Upubl. hovudoppg. Oslo:
Universitetet i Oslo.
Hoff, Ingeborg. 1981 a. Utsyn over Numedalsmålet. I: Olav T. Beito ofl.
(red.), Opphav og samband. Utgreiingar om norske målføre. Heidersskrift til
Ingeborg Hoff på 70-årsdagen 15. november 1981, s. 99–152. Norsk Målføre-
arkiv, 36. Oslo: Universitetsforlaget. ― Trykt først i Norske bygder 6,
Bergen: Grieg, 1953: 69–88.
Hoff, Ingeborg. 1981 b. Augustinus Flors viser på Numedalsmål og Nume-
dalsmålet i dag. I: Olav T. Beito ofl. (red.), Opphav og samband. Utgreiingar
om norske målføre. Heidersskrift til Ingeborg Hoff på 70-årsdagen 15. november
1981, s. 153–183. Norsk Målførearkiv, 36. Oslo: Universitetsforlaget. ―
Trykt først i Maal og Minne 1952: 123–153.
Holland, Ann Kjersti. 2001. Hedmarksdialekten i dag. En undersøkelse av språk og
språklige motiv hos 12 ungdommer fra bygd og by på Hedmarken. Upubl.
hovudoppg. Tromsø: Universitetet i Tromsø.
Kolsrud, Sigurd. 1932. Romeriksmålet. I: Hans Aall o.fl., Romerike I, s. 33–
52. Bergen: Grieg.
AUSTLANDSK ETTER 1800 177
Knutsen, Randi Anita. 2015. Hallingmål eller bokmålsnær tale? Ei undersøking av
faktisk språkbruk, språkleg og sosial identitet og språksosial kompetanse hos barn og
unge i grunnskolen i Hallingdal. Masteroppg. Oslo: Universitetet i Oslo.
Kvåle, Karen Marie. 1999. Eit målføre i uføre. Talemålsendring i Valdres. Upubl.
hovudoppg. Oslo: Universitetet i Oslo.
Larsen, Amund B. 1950. Indberetninger 1882–1903 fra Amund B. Larsen
om reiser foretagne for at studere norske bygdemål. Meddelt av Norsk
Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud. I: Magnus Olsen (red.), Til minne om
Amund B. Larsen 15. desember 1849 – 27. april 1928 (= Maal og Minne 1949–
50: [1]–134), [42]–102. Oslo: Bymaals-lagets forlag.
Moseng, Bodil. 1996. Bruk av dativ blant unge i Os i Østerdalen. En dialektologisk
og sosiolingvistisk undersøkelse. Upubl. hovudoppg. Oslo: Universitetet i
Oslo.
Papazian, Eric & Botolv Helleland. 2005. Norsk talemål. Lokal og sosial
variasjon. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Papazian, Eric. 1997. Dialektdød i Numedal? Om språkutviklinga i Nore og
Uvdal. I: Maal og Minne, 161–190.
Papazian, Eric. 1999. Dialektdød i Numedal? Om språkutviklinga i Nore og
Uvdal. I: Turid Kleiva o.fl. (red.), Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk
og språkhaldningar på indre Austlandet, 49–61. Oslo: Samlaget.
Papazian, Eric. 2011. Folkets røst? Folkelige (vrang-)forestillinger om radi-
kalt bokmål med utgangspunkt i reaksjoner på Kari Bækken Larsens
språkbruk i NRK. I: Språklig Samling. Årbok 2011: 11–19.
Rudi, Nina Berge. 2007. Språkvariasjonar i to dalføre. Ei sosiolingvistisk gransking
av talemålet blant 18-20-åringar i Hallingdal og Gudbrandsdalen. Upubl. hovud-
oppg. Oslo: Universitetet i Oslo.
Sandøy, Helge. 2011. Dativen i vekt og fall − men ikkje som relikt. I: Lars-
Erik Edlund, Lennart Elmevik & Maj Reinhammar (red.), Studier i dia-
lektologi och sociolingvistik. Föredrag vid Nionde nordiska dialektologkonferensen i
Uppsala 18-20 augusti 2010, 259‒268. Acta Academiae Regiae Gustavi
Adolphi CXVI. Uppsala: Kongl. Gustav Adolfs Akademien för svensk
språkkultur.
Skjekkeland, Martin. 1980. Bø-målet i går og i dag. Rapport få ei språkgeografisk og
språksosiologisk gransking. Skrifter, 56. Bø: Telemark distriktshøgskole.
Skolseg, Ellen. 1999. Romeriksdialektas levevilkår i skuggen av Oslo. I:
Turid Kleiva o.fl. (red.), Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språk-
haldningar på indre Austlandet, 129–139. Oslo: Samlaget.
Skramstad, Tone. 1999. Oslocirkumferensen og språklig regionalisering. En metodetri-
angulert undersøkelse av språk og normer hos ungdommer på Hadeland.
Hovudoppg. Oslo: Universitetet i Oslo.
178 HELGE SANDØY
Svenungsen, Niels. 1985. Det norske Fjeldsprog. Norske studiar, 3. Oslo: Norsk
Målførearkiv.
Thoengen, Vigdis. 1994. Hallingmål eller bokmål? En talemålsundersøkelse
blant skolebarn i Nes i Hallingdal. Upubl. hovudoppg. Oslo: Univer-
sitetet i Oslo.
Thoengen, Vigdis. 1999. Kvar går målet i Hallingdal? I: Turid Kleiva o.fl.
(red.), Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre
Austlandet, 62–73. Oslo: Samlaget.
Torp, Arne. 1973. Om genitivsomskrivninger og s-genitiv i norsk. En syntak-
tisk og dialektgeografik undersøkelse av possessivuttrykk i sørnorske dia-
lekter i jamføring med nordiske og andre språk. I: Maal og Minne, 124–
150.
Torp, Arne. 1999. “Bygdemål og senstrumsmål i Ringebu.” I: Turid Kleiva
o.fl. (red.), Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på
indre Austlandet, 85–99. Oslo: Samlaget.
Trudgill, Peter. 1997. Typology and Sociolinguistics: Linguistic Structure,
Social Structure and Explanatory Comparative Dialectology. I: Folia
Linguistica. Acta Societatis Linguisticae Europaea XXXI/3–4: 349–360.
Tvitekkja, Sigfrid. 1998. Talemålsendring og sosial variasjon. Ei gransking av
sosiolingvistiske tilhøve i Vinje i Vest-Telemark. Upubl.hovudoppg. Oslo: Uni-
versitetet i Oslo.
Venås, Kjell. 1977. Hallingmålet. Oslo: Samlaget.
Venås, Kjell. 1990. Den fyrste morgonblånen. Oslo: Novus.
Vestad, Jon Peder. 1994. Ord og år. Adjektiv frå 1700-talet hos tre generasjonar
vagværar i 1990-åra. Oslo: Universitetet i Oslo.
Wangensteen, Boye. 1971. Skilnader i ordtilfanget i vangsmålet hjå eldre og yngre.
Upubl. hovudoppg. Oslo: Universitetet i Oslo.
Wille, Hans Jacob. 1785. Norsk Ordbog som især indeholder en Samling af Norske
Ord, som især bruges i Sillejord og fleere Stæder i Norge. Etter handskriftene
DKNVS bibl. qMs 229, UB Bergen Ms 71 og Det Kgl. Bibl. Kbh. Add. 106c,
8vo. ― Utgitt i 1975 av Jan Ragnar Hagland, DKNVSS 1975 nr. 3.
Trondheim: Universitetsforlaget.
Wilse, J[acob] N[icolaj]. 1780. Norsk Ordbog eller Samling af Norske Ord i sær de
som bruges i Egnen af Spydeberg og viidere paa den Østre-kant af Norge, med For-
erindring om Mundarten, samt Tillæg af nogle Egnens Ordsprog og Egen-Navne.
Kristiania.
Øygarden, Helene. 1995. Dativ i Vågå-målet. Bruken hjå eldre og yngre i dag.
Upubl. hovudoppg. Oslo: Universitetet i Oslo.
Aasen, Ivar. 1845 a. Oplysninger om Almuesproget i Tellemarken; nærmest
indrettede efter Dialekten i Sillejords Præstegjeld. (Mai 1845). Trykt i:
Jarle Bondevik, Oddvar Nes & Terje Aarset (utg.), Målsamlingar frå
AUSTLANDSK ETTER 1800 179
Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen, 51–92. Bergen: Norsk
Bokreidingslag.
Aasen, Ivar. 1845 b. Oplysninger om Almuesproget i Buskeruds Amt. (Juli
1845). Trykt i: Jarle Bondevik, Oddvar Nes & Terje Aarset (utg.), Mål-
samlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen, 93–116.
Bergen: Norsk Bokreidingslag.
Aasen, Ivar. 1845 c. Oplysninger om Almuesproget i den sydligste Deel af
Kristians Amt tillige med Hedemarken. September 1845. Trykt i: Jarle
Bondevik, Oddvar Nes & Terje Aarset (utg.), Målsamlingar frå Christian-
sands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen, 117–134. Bergen: Norsk Bok-
reidingslag.
Aasen, Ivar. 1845 d. Oplysninger om Almuesproget i Guldbrandsdalen.
(Nærmest efter Sprogarten i Sells Annex) November 1845. Trykt i: Jarle
Bondevik, Oddvar Nes & Terje Aarset (utg.), Målsamlingar frå Christian-
sands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen, 135–165. Bergen: Norsk Bok-
reidingslag.
Aasen, Ivar. 1850. Ordbog over det norske Folkesprog. Kristiania: Werner.
Aasmundtveit, Olav. 2008. Ei sosiolingvistisk gransking av talemålet til unge i Vest-
Telemark. Upubl. masteroppg. Bergen: Universitetet i Bergen.

Helge Sandøy
Professor
Nordisk språk
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Boks 7805
NO-5020 Bergen

Helge.Sandoy@uib.no

You might also like