Download as pdf or txt
Download as pdf or txt
You are on page 1of 8

Datateknikk IELET1002 22H – BIELEKTRO – NTNU-IES

Laboratorieøving D2

Merk: Det er tre oppgåver; A, B og C. Til A og B er det obligatorisk førarbeid.

D2.A: Synkron binær teljar med T-vipper


Figur 1 inneheld fire JK-vipper der J- og K-inngangane på kvar vippe er kopla saman. Då fungerer
dei som T-vipper. Dei to tome boksane representerer logiske portar. Dei kan vera av AND- eller av
OR-typen, og dei kan ha fleire enn to inngangar. Det eksterne klokkesignalet kjem frå ein prellfri
monostabil brytar.

Figur 1
Det skal konstruerast ein 4-bit synkron binær teljar med ein teljesekvens frå 0 til 15 med repetisjon
frå 0. Flanketrigga T-vipper skal brukast.
Merk høgre–venstre-rekkjefylgda i figuren: QA representerer MSB, medan QD representerer LSB.
T-vippene er framstilte som JK-vipper med parallellkopla inngangar: Oppkoplinga skal gjerast med
JK-vipper på digitalteknikk-panelet DIGI BOARD 2 seinare i denne lab.oppgåva.

1. Før du møter fram på laboratoriet


a. Nestetilstandstabell
Framstill teljesekvensen i ein nestetilstandstabell som inneheld verdiane QA , QB , QC og QD . Fyll ut
tabellen i vedlegg 1.

b. Finn vippeinngangsfunksjonane
Finn uttrykk for inngangsfunksjonane TA , TB , TC og TD til dei fire vippene ved å bruka den vanlege
konstruksjonsprosedyren.
Alternativt kan teljaren konstruerast direkte ut frå dei binære talverdiane i nestetilstandstabellen:
QD byter verdi etter kvar klokkepuls
QC kan byta verdi berre dersom QD = 1
QB kan byta verdi berre dersom både QC = 1 og QD = 1
QA kan byta verdi berre dersom både QB = 1 , QC = 1 og QD = 1

c. Teikn logisk skjema


Tak utgangspunkt i figur 1 og gjer ferdig det logiske skjemaet for den 4-bit synkrone teljaren. Teikn
ev. rett på oppgåvearket.
2. Set opp og prøv ut sekvenskoplinga på DIGI BOARD 2
d. Oppkopling
Teljaren skal koplast opp vha. dei logiske portane og vippene på panelet. Klokkesignalet er
tilgjengeleg heilt til venstre nedanføre midten. Utgangane skal koplast til fire LED-indikatorar og til
dei fire inngangane på 7-segmentdekodaren (den kombinatoriske blokka som matar 7-segmentruta).
Kor mange inngangsvariablar har sekvenskoplinga?

* Svar: _____________________________________________________

e. Utprøving
Slå på driftsspenninga.
Kan du observera tilstandsendringar på LED-indikatorane?

* Svar: _____________________________________________________
Kan du sjå heksadesimale siffer i korrekt sekvens på 7-segmentruta?

* Svar: _____________________________________________________

D2.B: Aiken-teljar
Aiken-kode er ein variant av BCD-kode [Binary Coded Decimal], altso ein 4-bit kode som
representer dei desimale sifra 0–9. Jamfør tabellen:

Desimal verdi Kodeord ABCD Kodeord på HEX-form

0 0000 0x0

1 0001 0x1

2 0010 0x2

3 0011 0x3

4 0100 0x4

5 1011 0xB

6 1100 0xC

7 1101 0xD

8 1110 0xE

9 1111 0xF
1. Før du møter fram på laboratoriet
Det skal konstruerast ein 4-bit synkron teljar for ein Aiken-sekvens. Teljesekvensen skal vera 0–9
og om att frå 0. Bruk fire flanketrigga JK-vipper i konstruksjonen, jf. figur 2.

Figur 2

f. Nestetilstandstabell
Set opp nestetilstandstabell (sjå vedlegg 2). Kall dei fire tilstandsvariablane A , B , C og D , der A er
MSB.
Kor mange rader med ubrukte tilstandar er det i tabellen?

* Svar: _____________________________________________________

g. Finn vippeinngangsfunksjonane
Skriv opp eksitasjonstabellen for JK-vippe og bruk det som eit hjelpemiddel:
Føy til i nestetilstandstabellen åtte nye kolonnar med inngangsverdiane til JK-vippene.
Bruk Karnaugh-diagramma (sjå vedlegg 3) til å finna uttrykk for dei åtte vippeinngangane i form av
logiske funksjonar av A , B , C og D på enklaste sum–av–produkt-form. Dei ubrukte
tilstandane/kodeorda skal handsamast som valfrie kombinasjonar.
Prøv å finna produkt som er felles for fleire funksjonar. Det kan vera nyttig når det skal koplast opp
på panelet.
Merk: Sjå noggrant på Karnaugh-diagramma. Der skal du skriva opp variablane og verdiane i ei
anna rekkjefylgd enn det du er mest van med i datateknikkemnet.

* Svar: JA = _____________________________________________________

* Svar: KA = _____________________________________________________

* Svar: JB = _____________________________________________________

* Svar: KB = _____________________________________________________

* Svar: JC = _____________________________________________________

* Svar: KC = _____________________________________________________

* Svar: JD = _____________________________________________________

* Svar: KD = _____________________________________________________
2. Set opp og prøv ut sekvenskoplinga på DIGI BOARD 2
h. Oppkopling
Teljaren skal koplast opp vha. logiske portar og vipper på panelet. Klokkesignalet skal genererast
manuelt med ein prellfri monostabil brytar, som sit heilt til venstre på panelet. Utgangane skal
koplast til fire LED-indikatorar og til dei fire inngangane på 7-segmentdekodaren.
Kor mange inngangsvariablar har sekvenskoplinga?

* Svar: _____________________________________________________

i. Utprøving
Slå på driftsspenninga.
Trykk på den monostabile brytaren for å generera klokkepulsar.
Kan du observera tilstandsendringar på LED-indikatorane?

* Svar: _____________________________________________________
Generer fleire klokkepulsar.
Kan du sjå heksadesimale siffer i sekvens på 7-segmentruta?
Skriv opp alle sifra i sekvensen. Er sekvensen korrekt?

* Svar: _____________________________________________________
D2.C: Modulo-n ned-teljar
j. Prøv deg fram …
Ein modulo-n ned-teljar skal konstruerast med teljarblokka CTRDIV16 (finst på DIGI BOARD 2).
Ingen andre komponentar skal brukast.

Figur 3

Fullfør koplinga i figur 3. Merk at den teljarinngangen som ikkje mottek teljepuls skal ha «1».
Kopla teljarutgangane til 7-segmentdekodaren, slik at teljarstanden kan lesast av.
Påtrykk eit 1 Hz klokkesignal til teljarinngangen på CTRDIV16. Kontroller at den korrekte
teljesekvensen kjem til synes i 7-segmentruta.
Prøv å bruka fleire ulike startverdiar for teljesekvensen. Merk at både nullstillingsinngangen og
styreinngangen for innlasting er asynkrone.

Tilleggsspørsmål: Er det mogeleg å konstruera ein modulo-n opp-teljar med CTRDIV16 utan å
bruka fleire komponentar?

* Svar: _____________________________________________________
Gjev grunn for svaret!
Vedlegg 1

A B C D At+1 Bt+1 Ct+1 Dt+1 TA TB TC TD


0 0 0 0
0 0 0 1
0 0 1 0
0 0 1 1
0 1 0 0
0 1 0 1
0 1 1 0
0 1 1 1
1 0 0 0
1 0 0 1
1 0 1 0
1 0 1 1
1 1 0 0
1 1 0 1
1 1 1 0
1 1 1 1
Vedlegg 2

A B C D At+1 Bt+1 Ct+1 Dt+1 JA KA JB KB JC KC JD KD


0 0 0 0
0 0 0 1
0 0 1 0
0 0 1 1
0 1 0 0
0 1 0 1
0 1 1 0
0 1 1 1
1 0 0 0
1 0 0 1
1 0 1 0
1 0 1 1
1 1 0 0
1 1 0 1
1 1 1 0
1 1 1 1
Vedlegg 3

JA = KA =

JB = KB =

JC = KC =

JD = KD =

You might also like