Download as pdf or txt
Download as pdf or txt
You are on page 1of 8

Eksamensrettleiing

– for sentralt gitt skriftleg eksamen


2024 REA3036 Biologi 2

Nynorsk
Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt skriftleg eksamen
I denne eksamensrettleiinga får du informasjon om sentralt gitt eksamen og korleis svaret ditt
skal vurderast. Du som er kandidat, skal vere kjend med innhaldet i rettleiinga før eksamen.
Sensorane skal bruke rettleiinga når dei vurderer innhaldet i svaret ditt.
For å forstå korleis oppgåvene kan sjå ut, og korleis du skal levere svaret ditt, bør du sjå på og
eventuelt løyse eksempeloppgåva, som du finn du her.

Om sentralt gitt skriftleg eksamen

Kva kompetanse skal du vise på sentralt gitt skriftleg eksamen?


Kompetanse er å kunne tileigne seg og nytte kunnskapar og ferdigheiter til å meistre
utfordringar og løyse oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Kompetanse
inneber forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking.
(LK20, overordna del, kapittel 2.2)
Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen. Eksamensoppgåvene skal gi
deg høve til å vise kompetansen din i ein så stor del av faget som det er råd til ein skriftleg
eksamen.
Grunnlaget for vurderinga er kompetansemåla i læreplanen, men kompetansemåla skal
forståast i lys av teksten «Om faget» i læreplanen.

Praktisk informasjon om eksamen


Eksamen varer i 5 timar og er delt i to. Oppgåvene for del 1 og del 2 blir delte ut samtidig
når eksamen byrjar. Det kan vere lurt å sjå gjennom og få ei oversikt over heile eksamenssettet
før du byrjar å svare på oppgåvene.

• Eksamen har ikkje nokon førebuingsdel.

• Etter nøyaktig 2 timar skal svararka for del 1 leverast inn. Deretter kan digitale verktøy og
andre hjelpemiddel takast fram.

• Svara for del 2 skal leverast innan 5 timar etter eksamensstart.

• Du kan byrje på del 2 når som helst, men du kan ikkje bruke hjelpemiddel før det har gått
2 timar og svararka for del 1 er leverte inn.

• Innlevering av svar, skanning osv. er ikkje ein del av eksamenstida.

Eksamensrettleiing REA3036 Side 2 av 8


Innhaldet i eksamenssettet
Del 1 inneheld to oppgåver. I oppgåve 1 er det 3–5 kortsvaroppgåver. I oppgåve 2 er det 15–20
fleirvalsoppgåver.

Del 2 inneheld 2-5 oppgåver, kvar med to eller fleire kortsvaroppgåver.

Del 1
Del 1 kan prøve alle kompetansemål i læreplanen og på alle taksonomiske nivå.

Oppgåve 1
Deloppgåvene er i hovudsak oppgåver innanfor avgrensa tema der du formulerer svaret sjølv.

Oppgåve 2
Oppgåve 2 inneheld fleirvalsoppgåver med fire gitte svaralternativ. Det er berre eitt rett
svaralternativ til kvar fleirvalsoppgåve. Blankt eller tvitydig svar er likeverdig med feil svar. Det
blir ikkje trekt for feil svar. Du kan berre svare med eitt svaralternativ.

Døme
Punktlista viser ulike livsstrategiar.

1 kort generasjonstid
2 inga yngelpleie
3 få avkom
4 gjentatt reproduksjon

Kva livsstrategiar har ein K-selektert art?

A strategi 1 og 2
B strategi 1 og 4
C strategi 2 og 3
D strategi 3 og 4

Viss du meiner at svar D er rett, skriv du «D» på svararket.

Del 2
Del 2 kan prøve alle kompetansemål i læreplanen og på alle taksonomiske nivå.
Oppgåvene er i hovudsak oppgåver der du formulerer svaret sjølv. Oppgåvene kan innehalde
samansette problemstillingar der du skal bruke biologisk kompetanse, drøfte, reflektere og
peike på samanhengar mellom ulike delar av læreplanen og formulere eigne løysingar.
Vedlegg
Svararket til oppgåve 2 ligg som vedlegg.
Andre vedlegg kan også førekomme.

Eksamensrettleiing REA3036 Side 3 av 8


Levering av svaret på eksamensdagen

Del 1
Svara på del 1 skal førast med svart eller blå penn.
Del 1 skal innehalde oppgåve 1 og oppgåve 2.
Svaret på oppgåve 1 skal førast på vanlege svarark.

Svaret på oppgåve 2 skal førast på eit eige svarskjema. Svarskjemaet ligg som vedlegg i
eksamensoppgåva.

Du skriv eitt svaralternativ – A, B, C eller D – på oppgåvene i svarskjemaet, riv av langs


perforeringa og leverer.
Svara på oppgåve 1 og svarskjemaet for oppgåve 2 på del 1 skal leverast inn etter 2 timar.
Eksamenssettet skal ikkje leverast inn.

Del 2
Del 2 kan vere ein kombinasjon av handskrivne og digitale svar. Du er sjølv ansvarleg for at alle
sidene er leverte.
Digitale svar skal lagrast som eitt dokument som skal lastast opp i PGS. Dokumentet/fila må
lagrast som ei PDF-fil med kandidatnummeret ditt som filnamn. Eksamen skal vere anonym, så
du skal ikkje skrive namnet ditt i fila.
Du kan eventuelt leggje ved handskrivne svar, til dømes figurar, formlar, diagram og modellar
som er teikna på papir.
Svara på del 2 skal leverast inn etter 5 timar.

For skulen/eksamensansvarleg:
Skulen/eksamensansvarleg skannar dei innleverte svara for del 1 og del 2 og lastar dei opp i
PGS. Vi tilrår å samle dei i eitt dokument. Skulen/eksamensansvarleg skal syrgje for at
lesekvaliteten er god nok.
Dersom skulen ikkje kan levere eksamenssvaret gjennom PGS, kan svaret sendast til sensor
som «ekspress over natta», slik at svaret kjem fram så fort som råd.

Eksamensrettleiing REA3036 Side 4 av 8


Hjelpemiddel til eksamen
Med hjelpemiddel meiner vi kjelder, ordbøker og andre verktøy.
Hjelpemiddel på del 1
På del 1 er skrivesaker og linjal dei einaste hjelpemidla som er lov.
Del 1 av eksamen er papirbasert. Du skal skrive med svart eller blå penn. Figurar, utrekningar,
modellar og liknande kan lagast med penn eller blyant.
På del 1 er det ikkje lov å bruke datamaskin.
Når det gjeld særskild tilrettelegging av eksamen, viser vi til forskrift til opplæringslova § 3-29.

Hjelpemiddel på del 2
Alle hjelpemiddel er i utgangspunktet lov, men det er ikkje lov med verktøy som gjer det mogleg
å utveksle informasjon med andre under eksamen. Du kan ikkje bruke automatisk
tekstgenerator som chatbot eller tilsvarande teknologi.

Skular og andre som arrangerer eksamen, kan velje å la kandidatane bruke nettbaserte
hjelpemiddel som læringsressursar, oppslagsverk og ordbøker, men dette gjeld berre dersom
aktuelle IP-adresser blir isolerte.

På denne sida finn du ei oversikt over kva nettbaserte hjelpemiddel du skal ha tilgang til under
eksamen.
Det er ikkje noko krav om å bruke digitale verktøy på del 2, men døme på digitale verktøy som
kan vere til nytte, er rekneark, grafteiknar eller CAS.

Bruk av kjelder
Du må føre opp kjelder på ein slik måte at sensor kan finne fram til dei. Desse opplysningane
skal alltid vere med:
• namn på forfattarar, tittel på bøker og eventuelt annan litteratur
• nettadresser og nedlastingsdato viss du hentar informasjon frå internett
Svaret ditt kan bli kontrollert for å avsløre plagiat. Viss du ikkje har oppgitt kjelder du har brukt,
kan dette påverke vurderinga. Det inneber at du også må vise til eige tidlegare arbeid, utan å
skrive namnet ditt. Døme: Eige arbeid, Konsekvenser av klimaendringar.

Vurdering av eksamenssvar
Det er to sensorar som skal vurdere svaret ditt. Grunnlaget for vurderinga er kompetansemåla i
læreplanen. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten «Om faget» i læreplanen.
Sensorane vil gjere ei samla vurdering av svaret ditt. Det er den samla kompetansen din som
skal vurderast, og det er den som kjem til uttrykk i karakteren.
Del 1 vil telje omtrent 40 prosent, og del 2 vil telje omtrent 60 prosent.
I del 1 tel oppgåve 1 og oppgåve 2 omtrent like mykje.
I del 2 tel kvar deloppgåve omtrent like mykje.

Eksamensrettleiing REA3036 Side 5 av 8


Om karakterar
Eksamenskarakteren skal vere eit uttrykk for den kompetansen du viser på eksamensdagen.
Karakterskalaen som sensorane bruker, går frå 1 til 6. Karakteren 1 er den lågaste, og
karakteren 6 er den høgaste. Viss du får karakteren 1, har du ikkje stått på eksamen.
Forskrift til opplæringslova §§ 3-5 og 4-4 forklarer karakterane i grunnopplæringa slik:
a) Karakteren 6 uttrykkjer at kandidaten/deltakaren har framifrå kompetanse i faget.
b) Karakteren 5 uttrykkjer at kandidaten/deltakaren har mykje god kompetanse i faget.
c) Karakteren 4 uttrykkjer at kandidaten/deltakaren har god kompetanse i faget.
d) Karakteren 3 uttrykkjer at kandidaten/deltakaren har nokså god kompetanse i faget.
e) Karakteren 2 uttrykkjer at kandidaten/deltakaren har låg kompetanse i faget.
f) Karakteren 1 uttrykkjer at kandidaten/deltakaren har svært låg kompetanse i faget.

Om vurderingskriteria for sentralt gitt skriftleg eksamen


Vurderingskriteria i eksamensrettleiinga beskriv kompetanse på tre nivå, nemleg dei som svarer
til karakterane 6, 4 og 2.
Vurderingskriteria i denne rettleiinga er meinte som ei hjelp til å forstå kva som er venta av deg
til eksamen. Vurderingskriteria beskriv den kompetansen eksamenssvaret viser, på tre nivå.
Desse vurderingskriteria vil danne utgangspunktet for vurderinga av eksamenssvaret ditt.
Beskrivingane i vurderingskriteria tek utgangspunkt i kompetansemåla og i teksten «Om faget» i
læreplanen. Beskrivingane skal bidra til ei felles forståing av krava til vurdering. Dei skal òg bidra
til ei rettferdig vurdering.
Når sensorane fastset karakteren på svaret ditt, tek dei utgangspunkt i meir oppgåvespesifikke
vurderingskriterium som er utleia av kriteria i denne rettleiinga.

Vurderingskriteria er delte inn i tre kategoriar:


Biologiske omgrep, teoriar og prosessar
Du viser kompetanse i biologi gjennom måten du framstiller fagstoffet på. Sensor vurderer i kor
stor grad du framstiller fagstoffet med korrekt og relevant omgrepsbruk, og i kva grad
beskrivingane av biologiske prosessar inkluderer relevante faglege samanhengar.
Utforske problemstillingar i kjende og ukjende samanhengar
I biologifaget møter du på problemstillingar i kjende og ukjende samanhengar der ulike delar av
faget må sjåast i samanheng. Sensor vurderer i kor stor grad du klarer å bruke kunnskapen din
til å utforske og belyse problemstillingane.
Utforskande aktivitetar, forsøk og feltarbeid
Biologi er eit fag der utforsking gjennom forsøk og feltarbeid står sentralt. Sensor vurderer i kor
stor grad du kan behandle og analysere innsamla data og peike på styrkar og veikskapar ved
metodane.

Eksamensrettleiing REA3036 Side 6 av 8


Vurderingskriterium for sentralt gitt skriftleg eksamen

Beskriving av Beskriving av Beskriving av


karakteren 2 karakteren 4 karakteren 6

Eksamenssvaret viser Eksamenssvaret viser at Eksamenssvaret viser at


at du du du

Biologiske kan bruke nokon kan beskrive og bruke kan forklare og bruke
omgrep, teoriar og fagomgrep på ein enkel relevante fagomgrep relevante fagomgrep på ein
prosessar måte sikker og sjølvstendig måte
kan beskrive biologiske
kjenner til nokon teoriar og prosessar og kan drøfte og sjå
biologiske teoriar og forklare dei ved bruk av samanhengar mellom
prosessar og kan beskrive fagspråk biologiske teoriar og
dei ved bruk av prosessar og bruke eit
kvardagslege ord og presist fagspråk
uttrykk

Utforske kan gi ei enkel beskriving i nokon grad kan utforske og kan utforske, vurdere og
problemstillingar i av kjende vurdere problemstillingar i drøfte problemstillingar i
kjende og ukjende problemstillingar kjende og ukjende kjende og ukjende
samanhengar samanhengar samanhengar
kan gi att enkelt og
relevant fagstoff kan bruke relevant fagstoff kan trekkje inn relevant
til å forklare eller grunngi fagstoff, drøfte det og gi
reflekterte og sjølvstendige
svar

Utforskande kan gi att forsøk og i kan beskrive og tolke forsøk kan utforske og analysere
aktivitetar, forsøk nokon grad beskrive og innsamla data og i nokon forsøk og innsamla data og
og feltarbeid innsamla data grad kan analysere data og kan drøfte resultat og
vurdere resultat og feilkjelder feilkjelder på ein sjølvstendig
kan beskrive artsmangfald måte
enkelt og leggje fram kan utforske artsmangfald
nokon resultat og i nokon grad kan vurdere kan utforske artsmangfald
metodar, resultat og og vurdere metodar, resultat
feilkjelder knytte til og feilkjelder knytte til
feltarbeidet feltarbeidet

Karakteren 1 uttrykkjer at svaret viser lågare måloppnåing enn det som står ovanfor.

Eksamensrettleiing REA3036 Side 7 av 8


udir.no

You might also like