Download as rtf, pdf, or txt
Download as rtf, pdf, or txt
You are on page 1of 1

(frå ei gravferd for ikkje lenge sia)

Han tar farvel med kameraten sin


Han har aldri gjort dette før. Han har
aldri før holdt nokon tale

Eg klarer ikkje halde nokon tale, tenkjer han


Det er ingen tale eg skal halde, tenkjer han
Eg skal berre seie noen få ord

Denne stunda vår på jorda, seier han


Takk for at du var i ho. Takk for at du

stakk innom. Det var


fint å sjå deg her

Han står attmed ei kvitmåla


kasse av tre og leiter
etter ord

All avskil som drog ut i tid var du


aldri noko god på du heller

Dei store orda visste du ikkje om


Og det blir noko heilt enkelt frå meg også

Takk for at du stakk innom


Så fint det var å sjå deg her

under stjernene

Hauge

You might also like